Hva skjer?

sep
27
tir
Nasjonsbygging og språkreising i Ukraina
sep 27@19:00-21:00
Nasjonsbygging og språkreising i Ukraina

Ukraina hadde aldri klart å stå i mot den russiske invasjonen om ein ikkje dei siste åra systematisk hadde bygd opp ei sterk nasjonalkjensle. Og denne nasjonalkjensla heng tett saman med eige språk. Gjennom fleire hundreår var det ukrainske språket noko som berre levde ute på landsbygda. Dei siste åra før den russiske invasjonen fekk det ukrainske språket ein stadig sterkare posisjon. No er språket eit av Ukrainas fremste våpen i kampen mot den russiske aggresjonen.

Atle Grønn er professor ved Universitetet i Oslo. Han er ein av dei fremste kjennarane av austslavisk språk i Noreg.

Halvor Tjønn er forfattar og journalist og har skrive fleire bøker om russisk historie.

Arrangementet er i samarbeid med Bærum Mållag.

Sal av billettar.

nov
1
tir
Fire store: Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam
nov 1@19:00-21:00
Fire store: Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam

Bjørnson, Ibsen, Kielland og Lie  – det var dansk Gyldendal som mynta uttrykket «dei fire store». Som ein reaksjon på dette mannsdominerte firkløveret løfter Sørbø i den siste boka si, Fire store,  fire kvinner. Kva er det som gjer at desse kvinnene ikkje blir lesne på eigne premissar, men i stor grad ut frå kjønnet sitt? Sørbø viser korleis meldarar og litteraturhistorikarar hevdar dei berre ser på kvalitet, og slik usynleggjer tematiseringa av kjønnsroller i bøkene. På den andre sida blir kjønnsdimensjonen gjort total ved at ein ser berre kvinneproblem i litteratur av kvinner. Sørbø viser at det er tid for nylesing av desse fire store kvinnene i norsk litteratur.

Jan Inge Sørbø (f. 1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med diktsamlinga Lågt skydekke i 1986 og har seinare skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar. Han har mellom anna skrive kritikarroste biografiar om Ronald Fangen, Alfred Hauge og Hans Skjervheim og romanar baserte på liva til Alexander Kielland, Ludvig van Beethoven og Fartein Valen. I 2009 ga han ut Ørneflukt og ormegard – ein kritikarrost biografi om Olav Aukrust, og i 2010 kom Lyset frå fars ansikt. Refleksjonar ved livets slutt. Den kritikarroste Nynorsk litteraturhistorie kom i 2017.

Arrangementet er i samarbeid med Bærum Mållag.

Sal av billettar.

nov
29
tir
Språk i multi-etniske ungdomsmiljø og påverknad på normert norsk
nov 29@19:00-21:00
Språk i multi-etniske ungdomsmiljø og påverknad på normert norsk

Fleire forfattarar har dei siste åra komme med romanar der hovudpersonane talar det nokre vil kalle «kebabnorsk». Vi møter ein av forfattarane saman med Toril Opsahl frå Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo. Ho har sett på kva som kjenneteiknar språket i slike ungdomsmiljø og om det vil endre språket vi alle talar og skriv.

Toril Opsahl har tidlegare arbeidd ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, Høgskulen i Volda og vore redaktør/forskar ved prosjektet Norsk Ordbok 2014.

Arrangementet er i samarbeid med Bærum Mållag.

Sal av billettar.

Translate »