Sigmund Skard - portrett

© Det Norske Samlaget

 

«Ingen som kom han nær, kunne unngå å leggja merke til at han var ein personlegdom, ei uvanleg kraft. Han var eit renessansemenneske som femnde så vidt; det stråla interesse og eldhug frå han, ,ja, men meir enn det, alt var bunde saman med ein sterk sans for sjølve livet i alle sine fasettar og fargar – for dei store gåtefulle rømdene og for det inste, dei ørsmå hugsviv og uklåre draumar i eit sinn, og for samanhengen mellom det store og det små, for mikrokosmos som speglar makrokosmos, for alt det vi ikkje veit, det som ikkje har ord, men blir verande gåte, og vart verande gåte også for Sigmund Skard, men først og fremst retta han si interesse mot det menneskelege, slik det kjem til syne i og gjennom den einskilde, i blikket, språket, i forskartrongen og skapartrongen, i det elementære, lysten, dragnaden, erotikken, og i kunsten, kunst i ord, tone og farge, og Sigmund Skard var heile tida sjølv ein forskar og ein kunstnar , og han var ein levande kropp i rørsle og han var ein tanke på veg, alltid i arbeid med noko. På veg, men nærverande, her og no, med interesse for andre, menneske som hadde levd langt tilbake i historia, men ikkje mindre dei som var til stades rett her og i lag med han, familie, vener, kollegaer, gjester, han var ein gjestmild mann, og sjølv var han til stades, i blikk, i eit kroppsspråk i brå kast, og i eit intellekt som samordnande kraft bak all aktivitet, og ein sterk vilje, og ei språkleg formande evne som var makelaus.»

Fra Otto Hagebergs tale ved 100 års-markeringa Det Norske Samlaget 19.08. 2003. Les heile talen

 

Kort biografi
  • Fødd 31. juli 1903 i Kristiansand. Foreldra var Matias og Gyda Skard
  • Eksamen artium 1921. Russeformann. 17. mai-tale på nynorsk.
  • Studerte latin, historie og allmenn litteraturhistorie. Dr.  philos. 1938. Doktoravhandling: «A.O. Vinje og antikken.»
  • Gift med Åse Gruda Skard, f. Koht, 1933.
  • Universitetsbibliotekar ved UB Oslo og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.
  •  I USA under krigen med heile familien. Konsulent i Library of Congress. Chief Regional Specialist for Norway i det amerikanske Office of War Information.  Hadde hundrevis av foredrag og talar. Skreiv bøker og artiklar.
  • Professor i litteraturhistorie ved Historisk-filosofisk fakultet 1946 – 1973. Oppretta  Amerikansk institutt og var styrar der 1948 – 1973.
  • Skreiv fagbøker, bibliografiar, biografiar og artiklar. Sjå bibliografi
  • Lyrikar. Gav ut 10 diktsamlingar.
  • Omsette litteratur frå mange tidsepokar og språk, frå antikken til moderne amerikansk lyrikk.
  • Budde etter krigen i «Karistua» på Lysaker i Bærum.
  • Død 1995.
  • Sjølvbiografiske bøker:
    Solregn. 1980
              o Alders år. 1989
Prisar
  • 1965  Bastianprisen  Norsk Oversetterforenings pris for «fremragende oversettelse av et skjønnlitterært verk».
  • 1966 Sunnmørsprisen for «Haustraun»
  • 1983 Melsomprisen for biografien «Mennesket Halvdan Koht»
  • 1983 Norsk kulturråds ærespris. Blir delt ut til personar som har gjort  «en innsats av vesentlig betydning for norsk kunst- og kulturliv».
  • 1992 Brageprisen – Heidersprisen

 

Verv – eit utval
  • Skrivar i Det Norske Samlaget 1930 – 1938. Styreformann 1949 – 1972
  • Skrivar i det første «målstyret» i Studentersamfundet 1923
  • Styremedlem i Studentmållaget
  • Medlem av Norsk Språknemnd
  • Formann i Bærum Mållag 1931-1932
  • Varaformann i Noregs Mållag 1940-1950

 

Oversikt over alle innlegg om Sigmund Skard

Translate »