Otto Hageberg:
TALE 100-ÅRSMARKERING, Sigmund Skard (1903-2003)
Det Norske Samlaget 19.08. 2003

Sigmund Skard var fødd 31. juli 1903, det vil seia at for tre veker sidan var det 100 år sidan. Han døydde i 1995 før han fylte 92. Det er fint at Det Norske Samlaget legg til rette for ei markering av 100-årsdagen; og at det skjer her, og det ein dag vi også kan markera ny heim eller nytt hus for det ærverdige litteraturselskap og forlag, som i år sjølv er 135 år gammalt, og det er mildt sagt at Sigmund Skard stod dette forlaget nær; somme tider var han nesten Samlaget, og han bar det før det voks fram normal administrasjon. Han var styreformann her i meir enn tjue år.

Det er eit privilegium å bli spurt om å få halda tale ved denne markeringa. Det viser til eit anna privilegium i mitt liv: Eg har sjølv fått møta Sigmund Skard og stå han nær, og det er eg svært glad for. Ingen som kom han nær, kunne unngå å leggja merke til at han var ein personlegdom, ei uvanleg kraft. Han var eit renessansemenneske som femnde så vidt; det stråla interesse og eldhug frå han, ,ja, men meir enn det, alt var bunde saman med ein sterk sans for sjølve livet i alle sine fasettar og fargar – for dei store gåtefulle rømdene og for det inste, dei ørsmå hugsviv og uklåre draumar i eit sinn, og for samanhengen mellom det store og det små, for mikrokosmos som speglar makrokosmos, for alt det vi ikkje veit, det som ikkje har ord, men blir verande gåte, og vart verande gåte også for Sigmund Skard, men først og fremst retta han si interesse mot det menneskelege, slik det kjem til syne i og gjennom den einskilde, i blikket, språket, i forskartrongen og skapartrongen, i det elementære, lysten, dragnaden, erotikken, og i kunsten, kunst i ord, tone og farge, og Sigmund Skard var heile tida sjølv ein forskar og ein kunstnar , og han var ein levande kropp i rørsle og han var ein tanke på veg, alltid i arbeid med noko. På veg, men nærverande, her og no, med interesse for andre, menneske som hadde levd langt tilbake i historia, men ikkje mindre dei som var til stades rett her og i lag med han, familie, vener, kollegaer, gjester, han var ein gjestmild mann, og sjølv var han til stades, i blikk, i eit kroppsspråk i brå kast, og i eit intellekt som samordnande kraft bak all aktivitet, og ein sterk vilje, og ei språkleg formande evne som var makelaus.

Eg møtte han ikkje før han var nærare 60 år; eg hadde høyrt om han alt medan eg gjekk på gymnaset der vi hadde Skard og Skard som leseverk, det var brørne Eiliv Skard og Vemund Skard som hadde gitt ut det; det blei fortalt oss at det var ein uvanleg familie Skardane kom frå og den aller mest kyndige litteraturpersonen blant brørne var ikkje med på norskverket, men han skulle ha skrive ei utruleg god doktoravhandling om Vinje, sa norsklæraren vår; han sa også namnet hans, Sigmund, og at han var professor i amerikansk litteratur; dertil var han diktar, vart det sagt. Det første eg las av han, handla om Telavåg og det som hadde hendt der under krigen; eg kjende godt folk som hadde vore evakuerte frå dette samfunnet etter at tyskarane hadde rasert alt der 26. april 1942, og det diktet eg las i 1950-åra låner røyst til ei av dei kvinnene som vart jaga frå Telavåg, og det gjorde eit sterkt inntrykk på meg; eg har ofte sitert det seinare; eg tykkjer det er eitt av dei beste dikta frå krigstida; eg skal ikkje lesa det her; det har femti strofer, og kom som eigen publikasjon i Amerika under krigen, men høyr intonasjonen, om det enkle, verdifulle liv som ein gong var: «Det låg hekla duk på kommoden / og fire rare skjel / som jentene fann i fjøra / vår siste sundagskveld».Sigmund Skard skreiv altså dette diktet i USA, der han var under krigen og tente Norges sak som konsulent i Library of Congress første tida, og det var der han fekk høyra om Telavåg, seinare vart han Chief Regional Specialist for Norway i det amerikanske Office of War Information, og i nokon mon var det nok her i det viktige, men ikkje naturlege eksilet at grunnlaget vart lagd for hans seinare embetsgjerning som professor i litteraturhistorie, særleg amerikansk som det heitte, han vart utnemnd i professoratet i 1946 og sat i embetet til han fylte 70 i 1973. Han var frå før spesialist i nordisk og klassisk litteratur; han hadde, som nemnt, skrive doktoravhandling om Vinje og antikken – og han hadde skrive om Petter Dass og Wergeland og Holberg og andre; hadde han valt å venta på eit embete i europeisk eller nordisk litteratur, ville ingen kunne han ha teke det frå han, men han valde rett, og fekk ein særmerkt posisjon også ved universitetet i Oslo og i vårt akademiske liv i det heile og vart ein katalysator og kulturformidlar av rang i etterkrigstida, endå mykje av hans særlege kompetanse i amerikansk litteratur og kultur kom frå det han hadde gjort som formidlar andre vegen, av Norge til Amerika. I sjølvbiografien Solregn som kom på Samlaget i 1980, fortel han litt om dette, eg siterer og sitatet seier noko om han som åndstype, som kraft, og om samspelet mellom han og kona hans Åse Grude Skard: «Under krigen heldt Åse og eg kvar mellom 300 og 350 foredrag, talar eller opplesingar, stundom med film. Sjølv gjesta eg 18 statar i aust og sør og Midtvesten, og Åse 38, ho også somme på vestkysten. Sidan eg heile tida arbeidde på biblioteket, hadde eg ofte eit stramt program, og jaga frå stad til stad. I tillegg baud vi tidt oss sjølve fram, der vi for, og talelista kunne til slutt bli lang. Ofte vart vi såleis brukte av dei lokale radisostasjonane. På ein månad i 1942 tala eg 95 gonger, i fem sørstatar; mitt maksimum sju talar om dagen».

Eg skal ikkje her bruka tida på å skildra korleis Skard bygde opp eit Amerika-studium ved Universitetet i Oslo, men på mange måtar var han framom dagens ord om internasjonalisering og modernisering, og han vart ein internasjonal pioner for det som i dag heiter områdestudiar; og dei er historielause som i dag talar om kvalitetsreforma ved Universiteta som noko som aldri har vore før og gløymer den omstridde men makelause endringa som kom sist i 1950-åra med masseutbygging av dei høgare utdanningsinstitusjonane, med det som heitte grunnfag, og Sigmund Skard stod i brodden ved Universitetet i Oslo og tok mange støytar fram mot 1960. Han ivra for at ikkje berre store skulefag skulle få grunnfag, men det skulle byggjast ut nye, og hans kjæraste barn var det faget som den gongen heitte allmenn litteratur-kunnskap; i dag er det flottare og heiter litteraturvitskap; det er eit av dei mest populære fag ved Universitetet i Oslo; Sigmund Skard forma ut den første studieplanen, med vekt på det klassiske og det nordiske, og dette har sete i faget heile tida. Parallelt heldt han sine populære førelesingar i sitt eige fag, amerikansk, om kultur og litteratur. Jarle Simensen som studerte engelsk kom til meg og sa at du må gå på Skard når han føreles om amerikansk litteratur på norsk; han berre er så fantastisk, og for ein nynorsk! Men eg møtte ikkje Skard andlet til andlet før ved eksamensbordet, munnleg eksamen i allmenn litteratur hausten 1961. Var eg redd? Eg veit ikkje; det stråla autoritet frå han, men ikkje berre det, eg merka også med ein gong ein slags varme. Eg fekk ein tekstbit frå Kong Oidipus av Sofokles, omsett til nynorsk av Eirik Vandvik, det var frå slutten, nett der Oidipus har oppdaga korleis ting heng i hop, at han er skuldig i noko han ikkje ante han var skuldig i: at han har drepe far sin og er gift med mor si, og koret står og kommenterer erkjenninga og seier ”Å menneske, ryre ætt”. Dette bad Sigmund Skard meg kommentera, og eg følgde opmodinga og han følgde opp med nye spørsmål og pedagogiske spørsmål om monolog og dialog og korets funksjon i forhold til den sentrale handlinga, og om tragedien allment, om hamartia og kataharsis. Det vart faktisk ein god samtale mellom oss; det eg ikkje visste den gongen var at vi var på eit felt der Sigmund Skard var heimekjend på ein særleg måte. I 1930 gav Samlaget ut, i serien Klassiske bokverk, som nr 18 i serien, Kong Oidipus av Sofokles, umsett frå gresk ved Matias Skard; det spørst om ikkje også den 27-årige latin- og greskkyndige sonen hans, Sigmund, hadde vore inne i biletet som konsulent. I alle fall gjev det meg i ettertid perspektiv å ta inn over meg heile den merkelege kultursamanhengen at eg ved ein av mine første eksamenar vart eksaminert i eit av dei verkeleg klassiske litteraturverk vi har, av ein som sjølv hadde vore med og gjort dette verket norsk og var formann i styret for det forlaget som hadde gitt ut den utgåva eg hadde lese, på eit språk som for meg kjendest heimsleg og nært, og der sat vi to, eksaminator og student og samtala om dette klassiske greske verket på nynorsk!

Sigmund Skard sytte for at mykje litteratur utanfrå kom inn i den norske bokheimen, og ikkje berre klassisk; ikkje minst var han aktiv som omsetjar frå det språket embetet hans var knytt til; amerikansk. Han var ein framifrå gjendiktar av lyrikk, noko i han samsvara med det frodige hos Walt Whitman som er ein fest å lesa i Skards omsetjing, men spør om han ikkje også vibrerer med T. S. Eliot, på norsk, heilt andre tonar hos ein Carl Sandburg, Vachel Lindsays ovderdådige skildring av frelesarmeskiparen Booths inntog i himmelen skal vil høyra her seinare, det er er eit glansmummer i omsetjingskunst og som opplesing! Men reint særleg må hjarta til Sigmund Skard ha banka når han nærma seg Emily Dickinsons lenge ukjende poesi frå kista, fleire har prøvd å føra hennar enkle, reine strofer om til norsk; få har makta det med slik kunst som Skard, han som også hadde det til si embetsplikt å forelesa over henne. Under nye stjerner heiter det store utvalet av amerikansk poesi Skard gav ut i 1960; det kom nye utgåver, og det kom andre samlingar med dikt også frå andre språkområde enn det engelske; fransk, italiensk, spansk, tysk – latin og gresk. Han kunne leva seg inn i dei alle, og det som livna i han då han las, var norsk, nynorsken var hans organ. Strandhogg er tittelen på den store samlinga omsett lyrikk som kom på Bokklubben sist i 1980-åra, og elles ser vi omsetjaren i full aksjon då Samlaget til sitt 100-årsjubileum i 1968 gjev ut den store antologien Framande dikt, med Skard som ein av redaktørane. «Han var streng, men god som rådgjevar», sa Olav H. Hauge til meg; han var blitt oppmoda om å gjera arbeid for denne antologien. Skard omsette renessansepoesi, Petrarcas Sonettar til Laura, han omsette store delar av Dantes Divina Commedia alt i 1965 og ein av dei aller første romanane på europeiske språk, Vesle Lasarus frå Tormes, ja, den omsette han frå spansk. – Når gjorde han alt; eg anar ikkje, for midt oppe i dette skreiv han bøker, fagbøker i mengd, kulturanalysar som i Målstrid og massekultur 1963 og seinare, biografiar om far sin Matias Skard (1972) om verfaren Halvdan Koht (1982), og ein makelaus sjølvbiografi Solregn (1980). Og mykje meir. Kvar kom krafta frå? Svaret er uråd å gje. Sigmund Skard er eit menneske av det slaget at ein på ein måte blir verande i undringa, men vi kan trygt slå fast at han fortente alle prisar han fekk, t.d. var han den første som fekk Brage-heidersprisen i 1992. Det næraste ein kjem han, tykkjer eg, er om ein går til lyrikken hans; han var også ein stor lyrikar; han gav ut berre tre diktsamlingar før han fylte 60, etter den tid kom det dobbelt så mange, fire av dei etter at han fylte 70!

Det var dikta hans som gjorde at han og eg vart nære vener. Eg skreiv om dei første samlingane hans i 1973; det var mange dikt der som hadde hatt mykje å seia for meg, og han hadde ingen ting mot å tala med meg etterpå og fortelja meir om bakgrunnen for somme av dei dikta eg hadde drege fram i min presentasjon. Han drog seg ikkje bort frå Universitetet om han slutta i sitt embete i 1973, når vi såg den raude Volvo Amazonen ute på parkeringsplassen, visste vi at han var her, og han vart ein nokså fast gjest på mitt kontor; eg hadde nyleg vore inne i ei krise, han visste om det, han vart ein ven, han lytta, men han gav også mykje att og fortalde om sitt liv. Eg var slegen med age, ikkje minst då han i 1973 gav ut diktsamlinga Auga og hjarta, hovudemnet for den større studien om lyrikken eg skreiv til 80-årsdagen hans i 1983. Det aller beste minnet om samværet med Sigmund Skard, som lyrikar og menneske, er elles for meg knytt til neste samling Ord mot mørkret, som kom ut i 1976. Då han hadde gjort ferdig manuskriptet hausten 1975, inviterte han meg som einaste gjest til eit kveldsmåltid og ei nattsæte med vin i Karistua på Lysaker; han ville lesa sentrale dikt for meg før han sende dei frå seg til Gyldendal. Først tala vi lenge, om alt og – ikkje om ingenting – men om mangt, mest oss sjølve. Så flytte vi oss til ein annan del av stova, og han las og kommenterte, og eg fekk sleppa til med mine kommentarar; han var audmjuk, han var spørjande, han var nesten botnelaus ærleg, han var barnsleg og han var sjølvtrygg, alt på same tid. Først klokka tre om natta ville han ringja etter drosje og senda meg heim til Manglerud, der eg budde då,med rikelege drosjepengar i lomma; han hugsa på å senda med meg ei ekstra bok med dedikasjon, ein ser på namnetrekket at det er seint på natt. Med litt mindre fast skrift enn vanleg står det: Otto frå Sigmund Natta 17-18 november 1975.

Eg skulle gjerne ha lese mange dikt her for å minna meir om lyrikaren Sigmund Skard og hylla han, som hadde så mange sider, som var eit så rikt menneske at det berre må slå ein med undring.. Som ein sluttkarakteristikk vel eg å sitera sluttorda i min artikkel om Skard i 1983, han har sjølv faktisk sagt at han var glad for dei orda:

Djupast sett er Auga og hjarta ei diktsamling om humanitet – om kva det inneber å vera menneske i vår tid og andre tider. Hundreår møter hundreår, menneske møter menneske og finn si eiga smerte og sin eigen angst og lengt att hos andre. eit eg opplever kor lite det er i det uendelege perspektivet og sannar kor stort det er. Når auga ser og let verda koma til medvit i seg, «høyrer hjarta sine heimlandstonar», for å tala med Olav Aukrust.

Dei orda kunne òg stå som ei overskrift over heile Sigmund Skards lyrikk. Heimlandstonane får klangdjup frå det ufattelege, men er først og fremst tonane mellom menneske på vår vesle jord som enno seglar med sin rikdom i den veldige rømd.

Orda var skrivne i 1983; dei gjeld også i dag 20 år etter. Takk for at de har høyrt på meg!

Oversikt over alle innlegg om Sigmund Skard

Translate »