Sigmund og Åse Gruda Skard

Sigmund og Åse Gruda Skard framfor «Karistua» med biografien om Sigmunds verfar, Halvdan Koht, 1982. Fotograf: Leif Høel.

 

 

«…forholdet mellom Åse og meg bygde på fjellgrunn sameleis. Vi hadde førebutt oss lenge og omhugsamt før vi gifte oss, og utvikla etter kvart ei deling og eit fellesskap, i kjensle og tanke, som berre vart sterkare med åra. Det galdt både vår trygge kjærleik og vårt aktive yrkesarbeid. Vi kunne nok stundom bli trøytte av oss sjølve, men berre sjeldan av kvarandre.»

«Halvhundre år i nært samspel med henne kom til å gi livet mitt ei spennvidd og eit innhald, også av reint åndelege verdiar, som det elles ikkje ville fått. Og eg visste det. Eg takka ho ein gong for at ho «atter og atter på nytt fornya det vedunderlege» som ho hadde vekt inni meg. I viktige stykke kom ho til å representera samanhengen og heilskapen i meg som menneske. Eg kalla ho ein gong «sjølve bandstokken i tilværet mitt»»

«Ingen av oss kunne rekna latskap mellom lastene våre»

Frå «Alders år». 1989

Bilete av «Karistua», Åse Gruda og Sigmund Skard sin bustad på Lysaker i Bærum 

 

For di

Eg elskar alt det i deg
du ikkje gir meg som kvinne.

Eg elskar det barske vitet
som gjerne hogg-møter mitt,
og aldri sa eit ja for mi skuld.

Eg elskar viljen din
som ikkje drøymer om å lyda meg
for di du er mi.

Eg elskar den karske låtten,
ubrukeleg til månetisking.

Eg elskar ditt grep om det som er,
og ikkje skal drøymast ifrå oss.

Eg elskar din ærlegdom,
naken som handa di.

Eg elskar at du ikkje er veik.

Opp av dette ris ditt kvinnedøme,
og det fekk eg òg.

Eg elskar den hjelp som er visleg
og vár
for di ho veit.

Eg elskar det yndet du aldri tenkte på,
og som difor er kjært.

Eg elskar den kvinneløyndom
du ikkje lærte or bøker,
og gav åt meg åleine.

Eg elskar det som orda
talar når dei teier.

Eg elskar alt det
du gjorde til vårt.

Eg elskar heile deg,
du mitt menneske.

Henta frå «Poppel ved flyplass» 1970
© Det Norske Samlaget

Når

Når mørkret
slår innover meg,
og kulden langsamt
stig opp gjennom kroppen,
og augo ikkje lenger
ser,
kjem eg til å trivla
etter handa di,
endå eg veit
at du ikkje
kan bli med meg.

Henta frå «Skymingssong» 1979
© Det Norske Samlaget

 
Oversikt over alle innlegg om Sigmund Skard

Translate »