«..den målreising som hadde vore ei hjartesak for meg heilt frå min tidlege ungdom»
«I 1963 hadde eg gitt ut eit kampskrift med tittelen Målstrid og massekultur. Der freista eg å setja målrørsla inn i den verdssituasjonen som no tydeleg laga seg til. Også vårt land vart i aukande grad merkt av industrialisering og kommersialisering, nedjamning av særmerke og kritikklaust opptak av framandt kultur- og språkgods, alt under presset av dei nye massemedia. Ofte skjedde dette under amerikanske varemerke. Men like mykje var det tale om ei allmenn modernisering, hos oss framskunda av den nye verksemda som knytte seg til oljen.
Også målstriden vår var for meg berre eit frontavsnitt i ein verdkamp mot upersonlege makter som ville valsa oss ned og jamna oss ut til lette for marknadsføringa.»
Sigmund Skard. Frå «Alders år». 1989

 

Jan Olav Fretland. ”Aksjon mot reaksjonen!”
–   Sigmund Skard og norsk målreising

Foredrag på Sigmund Skard-matiné i Bærum kulturhus 15.11.2003

Gode forsamling!
Eg snakkar om Sigmund Skard i motlyset frå Big Brother, Se og Hør, mesta.no, Ergo Group med underbruket ErgoNetcomputing, før Postverket, eg snakkar i skarpt motlys av bachelor som norsk, ja nynorsk namn på ei norsk utdanning. Me skal følgja målmannen Skard gjennom viktige tiår i norsk målreising, og ha dagens språksituasjon med oss i følgjet.

I diktet ”Målreising 1976” frå diktsamlinga Ord mot mørkret skildrar Sigmund Skard den nye tid han ser rundt seg og vilkåra for nynorsken i tida. Tittelen Målreising 1976 er gjerne litt ironisk, og spelar på Målreising 1967, eit sentralt kampskrift frå Noregs Mållag om korleis nynorsken skulle møta den nye tida. For den eldre kjempa er pessimistisk i 1976, og skildrar ei tapt målrøysting. Vinnarane kjem frå ”det lange herregardskvite huset” der han ikkje ser folk, men han

”veit kva det hyser,
og kvar det alt kjem ifrå:
sølvblanke millionar,
opp-pumpa or sjøen,
ihopsnurra av susande hjul,
ihopseglde på alle hav,
og ikkje urimeleg skorne av skatten.” 

Og foreldra og ungane veit kva som er framtida, skriv diktaren:

”Dei kan berre opna lokalbladet,
eller Donald Duck-heftet,
eller slå på høgtalaren,
eller stira på siste show,
eller sviva innom kjøpesenteret …..

73-åringen hadde sett ei samfunnsutvikling og ikkje minst ei språkutvikling som var mykje annleis enn han kunne ha ønskt seg, og heilt annleis enn dei vyane han måla opp som ung student i Studentmållaget i Oslo. De skal få vera med på målmøte både i 30-åra og i 50-åra. Eg fer og innom synspunkta Skard la fram om målsaka i 60-åra, og skal samanlikna dei med det me i Språkrådet og andre stader opplever i dag. Kanskje blir ein konklusjon at me slett ikkje skal vera nedsleppte og pessimistiske, og at trassalderen for nynorsk er evig og udøyeleg?
Kjeldene mine for dette foredraget er fyrst og fremst dei mange jubileumsskrifta målfolk har strødd om seg med: 50- og 80-årsskriftet til Studentmållaget, 75-årssoga til Noregs Mållag og fleire andre. Me kan dette med stil og prakt og høgvyrde ord i tale og skrift, eg har vorte mint om det då eg arbeidde med foredraget. Eit bilete frå femtiårsfesten til Studentmållaget frå eit stappfullt Ingeniørenes hus understrekar det eg seier. At kjeldene og har mint meg om den gneistrande førelesaren i amerikansk litteratur, og då meiner eg gneistrande i direkte tyding, og at dei har synt meg eit Skard-dikt om den Brahms-valsen eg sjølv set mest pris på, tek eg som rein bonus og takkar arrangørane her for den.

30-åra, rettskriving og demokrati

Me møter først ein entusiastisk student som tek over formannsklubba i Studentmållaget hausten 1931, enno mange år før Vinje og antikken vart hovudinteressa hans. På slutten av tjuetalet veit me at Studentmållaget hadde samarbeidt godt med motdagistane og hjelpt Erling Falk, Bull-brørne og fleire til formannsklubba i Studentsamfunnet. Det var dramatiske møte, hissige diskusjonar, men og ein viss tendens til sekterisme, slik me såg ml-rørsla forfall til ein dryg mannsalder seinare i det same studentsamfunnet. Målsaka sette sine merke på dei akademiske bygutane i Mot Dag. Eg hugsar godt Trygve Bull frå ein debatt i 70-åra, der han både skildra i lyriske ordelag kor god min sognedialekt var, og gjorde eit stort nummer av kor mykje meir fargerikt og talande ordet ”framsteg” var enn det ”grå og tamme fremskritt”.
I alle fall, det hadde gått noko ned med oppslutninga om Studentmållaget då 30-talet seig inn. Skard ønskte ei noko breiare orientering. Olav Dalgard skriv om dette: ”Truleg var det sant som ein sa at no var målstudentane overfora med politikk. Dei nye formennene på 30-talet, Eirik Vandvik og Sigmund Skard, tok konsekvensen av dette og freista no å finne fram til ”eit studentlag med breiare grunnlag og utvida arbeidsmark”.”  Dei fekk til det, og Oslo-studentane fekk høve til å bryna seg på mangt eit stormøte i mållagsregi. Ofte kom innleiarane  utanfrå eigne rekkjer. Det mest berømte møtet var nok då Karl Evang snakka om den nye moralen, med biskop Fleischer som motinnleiar. Det var så stappa i Nordahl Brunsgate at ”den vel kjende silda i tunna måtte ha det romsleg”, som det står i eit referat. Og somme styremedlemmer som gjerne kom litt seint til møta, måtte denne gongen krypa inn under sena, der dei berre fekk med seg brotstykke av debatten.
Harald Kolltveit slår fast at det var fire hovudtema som gjekk att på møta i 30-åra: utanrikspolitikk, målreisinga frå ein sosial synsstad, rettskrivingssaka og kjønnsmoralen. Då det nærma seg krigen, vart kampen mot fascismen og mot passive og aktive tilhengjarar av den i Noreg sentrale. Studentane ønskte og at universitetet måtte vera meir kraftfulle i undervisninga. Tønnes Sirevåg er sitert på at  ”Universitet i Oslo lagar støvsugarar i staden for tenkjande menneske.” Det er ei salve som står seg og som kan brukast med same kraft for dei som tek eit tak mot Kristin Clemet i dag.
Studentmållaget var ikkje medlem av Noregs Mållag og brydde seg ikkje så mykje om laget, heller. Dei hadde sjølv eit lag som var eldre enn NM, og hadde sin dagsorden. Fyrst i 1937 melde Studentmållaget etter ein lang diskusjon seg inn i NM, og då for å vera ei motvekt, ei radikal fylking mot det rådande mållagssynet, som Skard og hans meiningsfellar tykte var både nasjonalistisk og reaksjonært. Noregs Mållag hadde til hovudsak på denne tida å slåst mot den såkalla ”Tilråding” til ny rettskriving for nynorsk og bokmål. Gustav Indrebø var ein uvanleg kunnskapsrik og taktisk flink talsmann for mållaget. For han var det greitt nok at nynorsken skulle vera nær folkemålet, og at den stod for ei sosial reising. Men det kunne bokmålet og gjera! Det overordna, det nynorsken var åleine om, var at han var norsk, det norske nedervde skriftspråket. Derfor skulle det ikkje rotast med nynorsknormalen, han var bra nok, og dersom folk andre stader enn på Vestlandet ville ha eit nasjonalt skriftspråk, låg det klart og ferdig. Tukling med normalen ville berre føra til tap.
Sigmund Skard, tvillaust med svigerfar Halvdan Koht tungt i ryggen, stilte seg tidleg på samnorsklina på norsk folkemåls grunn. Nynorsken måtte endra seg etter kvart som nye grupper tok målet i bruk, til slutt ville han smelta saman med bokmålet, og me ville få eit skriftspråk som bygde på målet til folk flest, ikkje på dansk mål og talemålet til embets- og borgarstanden i byane. Utgangspunktet måtte vera nynorsken, men me måtte og ha stor sut for at bokmålet utvikla seg i folkeleg lei. Skard vart derfor ein varm forsvarar av rettskrivingsendringane i 1938 og arbeidet med å nærma skriftspråka til kvarandre. Men han skjønte og at å endra nynorsken var tungt for dei som elska han mest. I ein artikkel frå 1936 i Norsk Tidend skriv han:

”… vi skynar mykje av kjenslemomenta som knyter seg til ho (dvs. 1917-norma), – velklang og tradisjon er verdiar for oss au; og vi kjenner frå oss sjølve den serlege gleda det er å stå i ein liten stridande flokk som veit med seg at han representerer den reine tru. … Det vert sagt mykje råkande um det heilstøypte i målforma; men det vert ikkje fortalt kor ørliten ein flokk av skynarar det er som røynleg held ho uppe.”
Likevel meiner Skard me må tenkja på den dramatiske endringa i sosial lagdeling som går føre seg, framveksten av industrien og byane og dei store endringane på bygdene. Skal nynorsken ekspandera, må og sjølve skriftmålet endra seg i takt med dei nye gruppene som skal ta språket i bruk. Og dei som meiner nynorsken då vil døy på sotteseng, undervurderer idéinnhaldet i målreisinga, hevdar Skard:
”Det er ikkje fyrste gongen at dei ”verkelege” målmennene skil seg ut som ei sekt og spår daude og undergang for heile rørsla um ho ikkje fylgjer med. Gong på gong uppgjennom desse 80 år har brennande idealistar proklamert sine nasjonale minstemål som dei avgjerande: anten den og den forma, eller so like godt ingenting.”
Skard svingar seg til retoriske høgder når han avsluttar artikkelen med å minna om det han kallar det levande grunnlaget for målrørsla, som var:
”… den tru på det folkelege og nasjonale – båe i eitt som den nye rettskrivinga har sprunge fram or, og som ligg på botnen hjå dei fleste målfolk, no som før.”
Og då høyrer eg formeleg det gneistrar i kvasse r-ar og lyner attom store brilleglas! Det var elles ikkje rart at Skard kjende trong for å åtvara mot den konsolideringslina, som han kalla det, Noregs Mållag stod for. Ein sterkt retorisk og ikkje heilt sakleg leiar i Arbeiderbladet frå 14.2.1938 viser kor sterkt sosialdemokratiet reagerte på delar av argumentasjonen frå målfylkinga. Leiaren er skriven i samband med årsmøtet i mållaget:
”Nå reiser det spørsmålet seg for alle dei som vil vidare framover i målreisinga: Kan dei lenger forsvare å vere med og halde oppe ein slik reaktionær organisasjon under førarskap av ein flokk heil- og halvfascistar? (…) Det er noe alle arbeidarpartifolk i laget bør merke, og det er at Noregs Mållag har gjort greid front mot den lina Det norske arbeiderparti har knesett i målstriden, nemleg å arbeide for eit norsk skriftmål bygd på talemålet i bygd og by. ..”
Landsmøtet i Mållaget i 1938 stod fast på den uforsonlege lina mot språkendringane. Like etter landsmøtet i 1938 samla derfor a-målsfolk, som dei no vart kalla, frå fleire landsdelar seg for å sikra at det vart sett i gang ein skikkeleg måloffensiv. Eit arbeidsutval som etter kvart vart heitande A-frontnemnda, vart oppretta, og Sigmund Skard vart leiar. Dei bad om at styret i Noregs Mållag no sette i gang eit politisk arbeid for å utnytta fordelane med den nye rettskrivinga for nynorsken. Dette vart avvist, og vestmennene, med Gustav Indrebø i spissen, skipa Aasen-ringen, som skulle vera ei slags motvekt mot A-front. Lars Eskeland var klar då han tala på eit samrådingsmøte i Vestlandske Mållag i desember 38:
”Ringaste vegen er å reisa det norske målet ved rettskrivingsbrigde. Ikkje noko land hev gjort det. Den vegen fører ikkje fram til eit godt mål, men eit uhjelpeleg og ufagert mål.”
Då rettskrivingsendringane vart gjennomførte og ei rad skulekrinsar i Nord-Noreg, Trøndelag, Gudbrandsdalen og på Nordmøre gjekk over til nynorsk, vart det etter kvart eit visst tvisyn i målleiinga. Skulle ein slåst hardt og utan atterhald for å få fleire nynorskkrinsar, eller skulle arbeidet mot rettskrivinga framleis ha høg prioritet? Den første lina vann, men landsdelane utanfor Vestlandet kjende seg ikkje trygge på støtta. Her vart det etter mitt syn skapt ein grunnleggjande mistillit mellom fløyer av målfolk, som slo ut att i femtiåra og som har vore til skade for målrørsla heilt fram til i dag.

Femtiåra – økonomisk opptur og språkleg krokfot

Vel heimkommen frå krigsåra i USA fekk Sigmund Skard viktige oppgåver på Universitetet i Oslo. Det praktiske målarbeidet stod og langt framme, ikkje minst etter kvart i Det norske Samlaget. Og så vart det etter kvart tydeleg at den nye rettskrivinga i bokmålet trong støtte. Skard budde og levde i ein del av landet der dei store aksjonane mot radikalt bokmål hadde sentrum. Skard opplevde på nært hald foreldre som personleg retta ”sola” til ”solen” og ”kasta” til ”kastet”. Som Bjarte Birkeland skriv det: ”Det var mange relativt opplyste menneske som hyste ein intens motvilje mot alt målstrev og ”nystaving”, for slikt høyrde ei forakteleg fortid til!” Han viser til den vanvørdnaden for mellomkrigstida og dei som styrde då, som rådde. Nazirettskrivinga hadde og skapt forvirring, og han viser til at Dagbladet i ein periode dreiv klappjakt på ordet ”heim”, fordi det var tysk!
For Skard vart dette eit slåande døme på at tradisjonen, det rådande bokmålsveldet, slo tilbake mot det han meinte var viktige demokratiske tiltak for folk flest. Han engasjerte seg derfor sterkt i arbeidet mot Foreldreaksjonen mot samnorsk, det som frå hans ståstad var riksmålsreaksjonen. ”Aksjon mot reaksjonen”, eit slagord som Hartvig Kiran truleg var opphavsmann til, vart ein viktig del av målarbeidet. I studentmållaget var det stor oppslutning om dette synet. På femtiårsfesten vart Åse Gruda Skard oppnemnd blant dei nye gjøkalvane, og Sigmund vart spekalv, omtala mellom anna slik:

”Klauva di ( hugs det er snakk om ein kalv!) er raus med prosa og poesi. Ein likar skol, ein likar øl, og du den drykken du blandar sjølv.”

Me kjenner til at arbeidet mot riksmålsreaksjonen kom seint i gang og fekk lita tyngd i Noregs Mållag tidleg i femtiåra. Skard, og mange med han, hadde stor sut for dette og var misnøgde med målleiinga. Rett nok vedgjekk han at dei store språkendringane kunne kjennast framande også for mange fleire enn det som ofte blir nemnt dei rådande kreftene. Ikkje alt som var gjort i samband med reforma var like heldig, og reaksjonane kunne vera forståelege av og til. Men Skard var grunnleggjande trygg på at leia som var staka ut, var den rette. I 1961 leverer han eit sterkt forsvar for det arbeidet han har stått for, i tidsskriftet Fossegrimen:

 

«I si vanlegaste form er det (=bokmålet) enno ofte abstrakt og ufolkeleg; for den vanlege mann blir det lett slarkut og fullt av ferdige klisjéar. Og ved sida av sin rikdom er bokmålet på andre måtar fattig; den sterke skrifttradisjonen hindrar det i å nytta ut og eigna til seg den rikdom som det folkelege inneber. … Det finst berre ein måte å skapa eit skifte her: det er ved å  løysa banda; og det er det som skjer ved våre statlege rettskrivingsreformar. Det finst dei som no framstiller desse rettskrivingane som uhøyrde diktatoriske overgrep; for meg står dei som djupt demokratiske ombøter. Sjølve vår språksituasjon fører med seg at alle norske skulebarn idag (og det er først og fremst skulen det gjeld) er utsette for eit veldig trykk frå ein konservativ bokmålstradisjon, som omgir dei alle stader, – i klassikarane, i mykje av pressa, i masselitteraturen, i reklamen, og i radio. Mot dette trykket vil Staten i alle fall sikra seg at alle norske barn i ein del av si opplæring skal sjå og bruka nokre ålmenne folkemålsformer, – ikkje i kvardagsleg samanheng berre, men også i tale og skrift om dei høgste ting. Det ligg eit drag av menneskeleg vyrdnad i dette, – det gjeld svært ofte former og ord som barnet har lært av mor og far. Men det er like viktig reint ålment: berre ved ei slik tilvenjing kan desse formene, med sitt mektige opplevingsinnhald, vinna språkleg godkjenning, og sjølve bokmålet gradvis koma til å bryta den isolasjonen som det enno openlyst lid under.”

Med eit slikt grunnsyn kunne ikkje Skard la bokmålet segla vidare mot ei riksmålshamn. Og han måtte slåst for den nynorsken som styresmaktene no hadde avgjort skulle rå grunnen, og mot dei som framleis hadde i-målet til ei viktig kampsak. Og då måtte han på ny komma i konflikt med vestmennene som styrte Noregs Mållag. Mellom anna sende styret i 1954 ein protest mot å føre inn svenske og danske tekststykke i folkeskulen, fordi det var ”nasjonalt og pedagogisk utilrådelegt”. Her skulle det ikkje vera noko nordisk samsutl, nei!

Som ein uttrykkjer det: ”Det var Sigmund Skard som tok tappen or tynna med eit foredrag i Studentmållaget i Oslo i april 1955. Dette vart opptakta til tre harde stridsår i Mållaget. På landsmøtet i 55 hadde Skard eit viktig debattinnlegg, der han peikte på at nynorsken no hekk i ein tunn tråd på grunn av alle tapte krinsrøystingane. Han spurde kva styret no gjorde med dei unge som susa rundt på motorsykkel, dei som las ”Det beste” og ”Verden rundt” og kasta seg over grammofonplater med Duke Ellington! Han oppmoda til samling om det me var samde om, og ville ikkje ha noko av at han og hans meiningsfeller vart rekna som fråfalne. Han fekk sterk støtte mellom andre frå Tarjei Vesaas som åtvara NM mot å gløyma det levande livet. Det som særleg trongst, var å gjera nynorsken levedyktig i ei moderne tid. Men mange tala mot, og Skard-flokken tapte ved valet. Sameleis gjekk det neste år, sjølv om Skard då sat i valnemnda, og det  var ei viss semje om at begge fraksjonane skulle vera med i styret. Ingolf Kvamen gav krassast uttrykk for at det var ikkje berre lett å finna eit samlingsgrunnlag:

”Dersom den eine flokken meiner at det målsynet, rettskrivingssystemet, den andre flokken har, er det mest drepande som kan finnast for norsk mål, så er det betre at flokken kløyvest enn at vi gjer eit samlingsvedtak som ikkje er noko verd.”

Etter dette årsmøtet skipa dei radikale ei Opplysningsnemnd for norsk mål, som skulle ta seg av dei områda der dei meinte NM hadde svikta mest: skulemål og pressearbeid. Det vart  gjeve ut småskrifter, det vart laga ei eiga presseteneste, og det vart organisert arbeid kring skulemålsrøystingane. For å gjera ei lang og bitter historie kort: Etter kvart vart det færre uforsonlege og fleire som ønskte samling. På årsmøtet i 1958 tok striden ein førebels ende med at Hartvig Kiran vart vald til leiar. Han var den første frå dei radikale som fekk formannsklubba, men med motkandidaten Ivar Eskeland som næraste medarbeidar i styre og arbeidsutval.  Ingen av dei to hadde markert seg sterkt i fraksjonsstriden, men hadde fått lovord for mykje godt praktisk målarbeid. Det var lagt grunnlag for ein ny giv i målarbeidet, står det i 75-årssoga til NM.

 

Målstrid og massekultur

Framstillinga om det arbeidet Sigmund Skard gjorde i det organiserte målarbeidet i tretti- og femtiåra, har vorte hovudsaka i dette attersynet. Eg kan likevel ikkje runda av utan å omtala det som har vorte ein klassikar i norsk målsoge, boka Målstrid og massekultur, som kom i 1963, med nye opplag og etterord i 1964 og i 1985. Boka vart og eit viktig grunnlag for det viktige strategiarbeidet som vart gjort i Noregs Mållag gjennom utgjevinga av skriftet Målreising 1967 og tiltaka rundt det. I Målstrid og massekultur kjem åtvaringa mot amerikaniseringa, frå ein stor Amerika-kjennar og ein som ser alle dei storslåtte sidene ved landet. Han skildrar massekulturen, det ”totale forbrukarsamfunnet som her blir til for augo våre, kommersialisert, mekanisert, automatisert og uniformert”. Han skildrar dei store motorvegane som blodårane i det nye samfunnet og det gigantiske masseassorterte kjøpesenteret som hovudsymbolet. Han understrekar at det er mykje positivt med dette dramatisk nye, ikkje minst den auka velferda og at ”menneskemassane kjem kvarandre nær over heile jorda.” Samstundes peikar han på forflatinga, utraderinga av lokal og nasjonal kultur som gjer at det fyrste ein ser når ein om kvelden nærmar seg ei norsk bygd, er Esso og BP, Ford og South State Cigarettes, i tillegg til mange pinlege pocket books i butikkvindauget. Det banale, globale samfunnet, utan særmerke.

Har de høyrt dette før? Det vart først skrive, folkens, for 40 år sidan. Det er og eit jubileum i år, og knyter Sigmund Skard, ikkje overraskande, til delar av den nyorienteringa som både Norsk språkråd og kulturministeren har slått til lyd for: Meir merksemd kring språket, større vekt på styrking av norsk språk allment og særleg forsvara utsette språkområde som høgre utdanning, it-industrien, underhaldningskreftene og barnekulturen. Medan Skard såg forstøkt på at amerikanske firmanamn som Esso og South State prydde norske bygdevegger i 1963, ser me neste fase, dei norske føretaka som må fiffast opp språkleg: Fjordtre, som vart til Dooria med to o-ar, Posten, som delvis vart til ErgoGroup og dei store, som Statoil og Telenor, som  sjølvsagt må tenkja engelsk som konsernspråk skal dei bli endå større. I strevet for norsk som eit heilskapleg samfunnsberande språk treng me mange Sigmund Skardar. Dei sit ikkje på Stortinget for tida.
I diktet frå 1976 er Skard pessimistisk. Kanskje det kom av ei aukande innsikt i at samnorsktanken etter kvart ligg på sotteseng. Då Stortinget oppheva det vesle som var av tilnærming i formålsparagrafen for Norsk språkråd i fjor, kom det ikkje eit pip til protest. Og det er tvillaust det konservative bokmålet som rår grunnen i den norske offentlegheita. I eit tillegg til nyutgjevinga av Målstrid og massekultur i 1985 går Skard og langt i å vedgå at det ikkje er nødvendigvis frigjerande å gje folk deira eige språk attende, når tradisjonen er det som veg tyngst for den som skriv:
«For svært mange som skriv dette målet (=konservativt bokmål) kjennest det verkeleg slik; og dei kan ikkje for det. Dialektane og nynorsken byd fram ein rikdom av språkleg tilfang som bokmålet sårt treng, som ofte er fullt gjennomarbeidt og ferdig til bruk. Det hjelper berre ikkje: det folkenorske bryt for sterkt med tradisjonen.”

Så viser Skard til mange positive trekk som trass alt er komme til i både bokmål og nynorsk gjennom målstriden. Der kunne eg ha slengt mange nye trumfkort i bordet: Om nynorsk i media, i dataverda, underet Det Norske Teatret, Landssamanslutninga av nynorskkommunar osv. Eg skal ikkje trøytta forsamlinga med det, ved dette høvet. Heller vil eg stemma i med Sigmund Skard når han til slutt i det vesle testamentet frå 1985 skriv at for den som vil forsvara norsk språk, er det ikkje anna å gjera, no som før, enn å leggja aksla til hjulet og skubba i rette leia. Me slåst lite om bokstavar og bøyingar lenger, men du slette tid kor mykje anna det er å bryta seg på.  Takk for meg!

 

Hovudkjelder:

Almenningen mfl., red.: Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906-81. Fonna, Oslo 1981
Dalgard mfl., red.: Studentmållaget 50 år. Oslo 1952
Mål og makt 3/4 1980: Studentmållaget i Oslo 80 år
Vaagland, Per Ivar: Målrørsla og reformarbeidet i trettiåra. Samlaget, Oslo 1982
Skard, Sigmund: ”Rettskriving og realitetar”. Oslo 1936. Særtrykk frå Norsk Tidend
Skard, Sigmund: ”Våre språktilstand som demokratisk problem”. Oslo 1961. Særtrykk frå Fossegrimen 1/1961
Skard, Sigmund: ”Målstrid og massekultur”. Artikkel i Norsk tro og tanke, band 3. U-forlaget, Oslo 2001
Skard, Sigmund: Målstrid og massekultur, Samlaget, Oslo 1963
”          :         ”     ”                              Oslo 1964 med etterord
”      :      ”        ”                               Oslo 1985, med tillegg
Skard, Sigmund: ”Språkfred?” Samtiden 1964 nr. 3
Skard, Sigmund: Ord mot mørkret. Diktsamling, Gyldendal, Oslo 1976

Oversikt over alle innlegg om Sigmund Skard

Translate »