Den levande legenda Joye Carol Oates var nettopp på besøk i Norge. Her er to av hennes absolutt beste bøker.

Det er ingen tvil: Joyce Carol Oates er ei av dei største forfattarane frå USA. Men kvar skal du begynne om du vil lese noko av ho?

På mange område skil Oates skil seg frå dei andre store, samtidige amerikanske forfattarane. Det er få som skriv så mykje som ho, når det kjem til talet på bøker må vi kanskje sjå til Philip Roth. Men Oates har ein mykje større breidde i sitt forfattarskap enn Roth. Og der ein forfattar som Cormac McCarthy har skildra det vestlege samfunnet i ekstreme situasjonar, går Oates mykje meir inn i samtida og i liva til dei som lev på ulike sider av det klassedelte samfunnet.

Ikkje minst kan ein sjå til Oates for å få sterke skildringer av kvinner i USA i det 20. århundre.

For å hjelpe deg til å komme i gong: Her er to bøker som viser Joyce Carol Oates på sitt aller beste. Dette er to veldig ulike bøker som både viser breidda hennes og kor unik ho er.

Svart vann kom først ut i 1992, men ganske nylig på norsk. Boka er veldig kort, men ligg ekstremt tett på konkrete historiske hendinger. Den vart både kopla til skandalen til senator Edward Kennedy i 1969, men også til Bill Clintons seksuelle eskapadar på 1990-talet. No, etter metoo-sakane, er boka aktuell som aldri før. Dette er ei bok du les ut ut på ei veke, men som vil følgje deg resten av livet.

Blond er ein av Oates mange mursteinar, men det er sjeldan ho er så lett og ledig og eksperimentell som her. Dette er den store boka om Marilyn Monroe, og det er lett å sjå korleis Sara Stridsberg er påverka av dette verket (ei bok som Darling River kan umuleg ha blitt skrive utan Blond). Blond  krever mykje, men hjelpe meg for eit verk det er. Sett av nokre månader til å la blikket på Marilyn bli endra for alltid.

Og dersom du vil ha meir av Oates, er det mykje å velje mellom. Og ja, ikkje alt er like bra, men det som er bra, er veldig, veldig bra. Sjølvsagt burde Joyce Carol Oates fått Nobels prisen i litteratur, og sjølvsagt vil ho aldri få den. Teit gjeng i akademiet, briljant forfattar i USA.

Er Svart vann inne på biblioteket?

Bekkestua. Voksenavd.

  • Eks. 1: På hylla, plassering MAGASIN
  • Eks. 2: På hylla
  • Eks. 4: Utlånt, forfallsdato 22/05/2024

Sandvika. Voksenavd.

  • Eks. 3: På hylla
  • Eks. 5: På hylla

Rykkinn. Voksenavd.

  • Eks. 8: Utlånt, forfallsdato 30/04/2024

Eiksmarka. Voksenavd.

  • Eks. 6: På hylla

Høvik. Voksenavd.

  • Eks. 7: På hylla

Bestill tittelen i Bibliofil

Er Blond inne på biblioteket?

Sandvika. Voksenavd.

  • Eks. 5: På hylla, plassering MAGASIN

Rykkinn. Voksenavd.

  • Eks. 4: Utlånt, forfallsdato 21/05/2024

Bestill tittelen i Bibliofil

Translate »