Ei aleinemor blir bortført framfor sine fem barn. Ei ung kvinne blir verdskjend terrorist. Her har du ei av årets sterkaste bøker.

Si ingenting – En sann historie om mord og terror i Nord-Irland av Patrick Radden Keefe

Dei siste vekene har det igjen vore uro og vald i Nord-Irland, og for mange fører det tankane tilbake til den væpna konflikten som varte heile førre århundret. Dramatikken, valden og terroren i kampen for sjølvstende i Nord-Irland var særleg godt egna som bakteppe for eit utal av filmar, alt frå sterke drama som In the Name of the Father med Daniel Day Lewis til reinspikka action som The Patriot´s Game med Harrison Ford.

Men kva var det som eigentleg skjedde på gatene i Belfast og Derry? Kven var det som stod bak bombane i byane og avrettingane ute på dei tomme jordene? 

To skjebnar
Patrick Radden Keefe prøver med Si ingenting å gi svar på nokre av spørsmåla. 

For å gjere det, har han lagd ei bok du både kan lese som true-crime og som eit godt og grundig historisk dokument (dei siste hundre sidene er kjeldemateriale dersom du ønsker å gå enda djupare). 

For å fortelje historia om konflikten i Nord-Irland, har Keefe valt å fokusere på to skjebnar. Den eine er aleinemora Jean McConville. I 1972 vart ho bortført frå sin eigen heim av maskerte IRA-folk mens dei fem små barna hennes såg på. McConville kom aldri tilbake, og barna måtte vokse opp kvar for seg i fattigdom og med overgrep, heile tida mens dei vart flytta frå den eine institusjonen til den andre.

Den andre skjebna, er sjølvaste Dolours Price, eit av dei mest kjente ansikta frå frigjeringskampen i Nord-Irland. Ho vaks opp med konflikten i blodet, og vart raskt ein lojal IRA-soldat. I løpet av 70- og 80-talet var ho med på fleire væpna aksjonar og bombeattentat og vart eit verdskjend ansikt utad, ikkje minst da ho gifta seg med skodespelaren Stephen Rea.

Eit mordmysterium
Sakte koplar Radden Keefe skjebnane til McConville og Price til kvarandre, og da vi kjem heilt fram til fredsavtalen i 1999, ser vi omrisset av eit mordmysterium. Og det er her, i den siste delen av boka, at Keefe tør å ta dristige og modige val som forfattar, ikkje minst i si skildring av den kjente politiske leiaren Gerry Adams.

Si ingenting er ein ypparleg stad å starte for å forstå meir av konflikten i Nord-Irland. Men boka er også knallgod om du berre vil lese ei spennande forteljing. Men tru ikkje at du vil finne heltar og skurkar i denne krøniken frå Nord-Irland – her er det få andre enn dei daude som kjem godt frå det.

Bestill boka her!

 

Translate »