Her er ho: Den store boka du kan bruke heile sommaren på.

Er ho ei av dei største forfattarane frå Argentina akkurat no? Med Vår del av natten skriv Mariana Enriquez fram eit univers som strekk seg over fleire generasjonar, frå 1960-tallet og fram til slutten av 1990-talet, heile tida med militærdiktaturet i Argentina som eit dystert bakteppe.
Forlaget kallar boka ein gotisk roadtrip, men det er berre tull. Dei treff betre når de kallar boka eit sterkt familiedrama.

Gjennom hopp fram og tilbake i tid, skildrar Enriquez den merkelige og magiske Juan, som prøver å ta seg av sønnen sin, Gaspar. Det er ikkje så lett når du er medium til Ordenen, ei skremmande og fascistisk sekt med stor makt i Argentina. Som den einaste i verda, kan Juan kontakte Mørket og gi medlemmene i Ordenen evig liv.

Altså. Allereie her tenker du kanskje: Nei, dette gidd eg ikkje.

Men prøv! For Vår del av natten er så mykje meir enn å vere ein grøssar. Dette er rett og slett ein meisterleg roman.

Med Juan har Enriquez skapt ein av dei mest fascinerande karakterane i det moderne romanuniverset. Og kampen mot vonde bestemødre og stefedre er så intens og så overraskande og heftig at eg fleire gongar begynte å gispe under lesinga.
I tillegg er forholdet mellom Juan og sonen Gaspar nydeleg skildra. Eg trur dette er ei av dei vondaste og såraste skildringane av far og son eg har lest på lenge.

Og ja, boka er temmeleg skummel. Nokre sekvensar er mørke og fæle, men dei blir vekta opp imot skildringar av kjærleik og vennskap.

Ingen bok har absolutt alt, men Vår del av natten er veldig nærme. Dette er rein og pur magi.

Translate »