Han er ein av dei få skodespelarane som uanstrengt kryssar grensa mellom det kommersielle og det smale. I år er han aktuell med ikkje mindre enn tre filmar. Kva med å ta ein kikk på to av dei beste rollane i to av dei beste filmane Christian Bale har spelt i?

Bale har slått gjennom som skodespelar fleire gongar. Først som liten gut i Steven Spielbergs Solen rike i 1987, og så som vaksen mann i Mary Harrons American Psycho i 2000, før han vart verdsstjerne som Batman i Christopher Nolans filmar om hemnaren frå Gotham.

Kanskje liknar han på eitt vis både på Meryl Streep, Daniel Day-Lewis, og Robert De Niro: rolletolkinga hans er grunn god nok til å sjå ein film. Men der Streep alltid blir nominert til Oscar, er ikkje Bale redd for å ta roller i mindre produksjonar. Og der Day-Lewis berre speler i nokre få, utvalte filmar, verker det som om Bale speler i så mange han greier. Og der De Niro har gjennom karriera (opp til 2000-talet) stort sett spelte i respekterte kvalitetsfilmar, har Bale spelt både Batman i DC-universet og monsterskurk i Marvel-universet.

Det er kort sagt eit utal av filmar å velge mellom når det kjem til Christian Bale. Nokre gongar liknar han på Tom Cruise i sine intense rolletolkingar (og engasjement! Søk opp på YouTube raseriutbrotet Bale hadde på settet til Terminator Salvation), andre gongar går han til det ekstreme for å forme eigen kropp. Til The Machinist vart han tynn som ei fjær, til The Dark Knight trente han seg til ein gudeliknande kropp, og til The Vice la han på seg fleire kilo. I nokre filmar spelar han på alle trådane med mimikk og stemmebruk, som med den eksentriske karakteren han fekk Oscar for i The Fighter. I andre filmar er han stille, tilbakehalden med eit nærast passivt gravalvor, som i Hostiles.

Dette er noko med sjarmen og tiltrekninga ved Christian Bale: Du veit aldri kven han er når mørket senker seg og filmen startar. Det einaste du veit er dette: Han kjem til å stjele kvar scene han er med i. Her er dei to filmane der både han og regissøren traff blink:

 

THE FIGHTER

Dette er i utgangspunktet ein tradisjonell amerikansk film om ein ung mann frå arbeidarklassen som vil vinne ein boksekamp. Du kan handlinga frå A til Å, den har Mark Walhberg i hovudrolla (faktisk hans mest sjarmerande sidan Boogie Nights), og avsluttar med ein episk kamp i ringen. Men bortsett frå dette: Herrejemini for ein eksplosjon av ein film!

Regissør David O. Russell er veldig god på å ta ei tradisjonell historie, pakke ho inn som tradisjonell kvalitetsfilm, for så å vri og vende og riste til alle rammene er ustødige. Med The Figther let han både Christian Bale og Melissa Leo (begge fekk Oscar for rollene sine!) gå bananas med utagerende skodespel der dei roper og skrik, kjefter og ler, spring inn og ut av scenene som om heile filmen er eit galehus. Det verker som om ingen har fortalt Bale og Leo at dei er med i ein seriøs kvalitetsfilm. Og det er heilt fantastisk. I enkelte av scenene med Bale er det som om Walhberg ikkje heilt forstår kva det er som skjer.

Så sjølv om du ikkje liker boksing: Sjå denne og få med deg Bale og Leo – dei er i fyr og flamme.

Er The Fighter dvd-video inne på biblioteket?

Bekkestua. Voksenavd.

  • Eks. 1: På hylla, plassering DVD DVD

Bestill tittelen i Bibliofil

 

VICE

Det er sjeldan Hollywood lagar rein propaganda, men når dei først gjer det, kan det vere direkte skremmande. Adam McKay er saman med Russell ein av dei som vrir om på den faste filmmanualen til Hollywood, og med Vice legg han ingenting imellom: Dette er 127 minutt med rein utskjelling av mannen som var visepresident i USA i åtte år: Dick Cheney. Og kven speler den djevelaktige Cheney: Ein overvektig, smilande, livsfarlig Christian Bale.

Med Vice viste McKay at den politiske filmen lever godt om berre filmselskap og filmskapar tør. Og med Bale i hovudrolla fekk dei ein stjerneskodespelar som greier å halde sentrum i ein samansatt film. Du er aldri sikker på om du ser ein moderne versjon av eit skodespel av Shakespeare eller om du ser ein moderne versjon av Leni Riefenstahls propagandafilmar. Vice er eigentleg ein draum av ein film, ikkje minst fordi du får ein regissør og ein skodespelar som gjer kvarandre gode. I kvar scene er det som om Bale valsar inn, senkar blikket og stemmen, og seier: Ta det med ro, eg kjem til å sitte med all makt til slutt.

Om du bli provosert eller skremt, om du ler eller hyler, du vil uansett sitte og måpe av rolletolkinga til Bale. Han bruker dei små faktene, dei små rørslene med blikket, og vipps, så er du fanga.

Er Vice dvd-video inne på biblioteket?

Bekkestua. Voksenavd.

  • Eks. 1: Utlånt, forfallsdato 17/04/2024

Sandvika. Voksenavd.

  • Eks. 2: På hylla, plassering DVD DVD

Rykkinn. Voksenavd.

  • Eks. 3: På hylla, plassering DVD DVD

Høvik. Voksenavd.

  • Eks. 4: På hylla, plassering DVD DVD

Bestill tittelen i Bibliofil

Både The Fighter og Vice kan du sjå på Filmoteket. Alt du treng for å strømme filmane, er lånekortet ditt. Les meir her.

Translate »