Det er sommar, det er sol, det er hud og det er hår. Kva betre tid til å finne fram dei erotiske bøkene frå bokhyllene?

 

Å jo da, det er på biblioteket du finn dei verkeleg gode skildringane av dampande sex. Tidlegare var erotiske bøker forbodne og ofte vanskelege å få tak i. I nyare tid er desse komne ut i stadig nye utgåver, til meir allmenn lesning. Men der kult-klassikarar som «Historien om O» og «Uten en tråd» måtte gjennom sensur og rettsakar, er mange av dei moderne erotiske bøkene bestseljarar. Titlar som «Fifty Shades of Grey» og «Calender Girl» kneiser ikkje berre potent på bestseljarlistene, men er særs populære her på biblioteket.

Lurer du på kva for erotiske bøker DU skal lese? Her er ein kort guide til titlane som garantert får opp stemninga, både på soverommet og på stranda.

 

Catherine Ms seksuelle liv av Catherine Millet

Ein av dei store erotiske klassikarane frå det 19. århundret, og ei bok som har holdt seg særs godt. Truleg fordi Millet skriv opent og ærleg om sin hang til orgier med både kjende og ukjende menneske. I motsetnad til fleire andre erotiske bøker, dveler ikkje Millet ved skildringane av dei seksuelle eskapadane. I staden skriv ho rett fram om sine tankar og reaksjonar, og korleis dei ulike fysiske møta forma livet hennar. Friskt og interessant!

 

Historien om O av Pauline Rèage

Ok, her er det ein av dei verkeleg kjende erotiske bøkene. Denne kom på same tid som Millets bok, men «Historien om O» skil seg markant frå «Cahterine Ms seksuelle liv». I boka møter du O som må underkaste seg diverse seksuale ritual, og du må ha nesten sans for sadomasochisme for å ha glede av dette. Eller du kan lese boka for å få eit innblikk i noko som eventuelt er totalt framand for deg.

 

Sexus av Henry Miller

Ai, ai, ai! Her har du ei bok som blir sett som ein litterær klassikar, og som attpåtil er innlemma i diverse kåringer over dei beste bøkene frå det førre århundret. I «Sexus» følgjer vi ein mannleg hovedperson som går rundt i New York og har sex med kvinner. Ja, det er heile plottet. Språket er godt, men forfattaren har eit elendig kvinnesyn, lar hovedpersonen behandle kona eksemplarisk dårleg, og nokre av sexskildringane liknar på metoo-skandalar. Kort fortalt: Dette er ein moderne klassikar som allereie er utdatert. Men det er mykje sex her! Les den sjølv og kom med din dom – eg vart ikkje imponert.

 

Forført av Audrey Carlan

Dette er første boka i den populære «Calender Girl»-serien, som kom i kjølvatnet av suksessen med «Fifty Shades of Grey». Og nei, her får du ikkje litterær kvalitet. Men du får mykje, MYKJE, sex. Og litt dårleg historieforteljing innimellom. Denne boka anbefaler eg på ingen måte. Men det er eit godt alternativ til porno. Og sexen her er ganske rett fram, så dersom «Fifty Shades of Grey» er for vågal for deg, kan dette vere eit alternativ.

 

Mitt liv var et hett bibliotek av Kristian Klausen

Langt ifrå ei rein erotisk bok, men på grunn av tittelen og kvaliteten tek eg ho med likevel. Kristian Klausen er ein av våre mest bortgøymte forfattarar, og det er synd, for han skriv knakande godt. «Mitt liv var et hett biblioteket» er ein av hans beste bøker til no. Klausen er god på erotiske skildringar med mykje humor, og ikkje minst skriv han sterkt om ein mann som tjuvlånar erotiske bøker på biblioteket for å lese dei i badekaret. Eit must!

 

 

 

 

 

Translate »