Vi har spurt en rekke mer eller mindre kjente bæringer om de vil gi oss et boktips. Boktipsene legges ut på vår Facebookside og her på nettsiden. Her er boktips fra forfatter Ruth Lillegraven.

Om våren av Karl Ove Knausgård

Karl Ove Knausgård er ein av Noregs mest kjende forfattarar – først og fremst på grunn av den omdiskuterte seksbandsserien Min kamp. Til hausten kjem det ein ny roman frå hans hand, men årstidskvartetten var Knausgårds første bøker etter Min kamp-serien. Om våren avsluttar denne vesle serien som Knausgård skeiv til den ufødde – etter kvart nyfødde – yngstedottera, for å fortelje henne om livet og verda. Eg har ikkje lese dei tre andre bøkene i denne serien, men dei verkar vere litt annleis, forfattaren tar der for seg ein og ein ting, som han skildrar. Om våren liknar meir på ein vanleg, liten roman.

Ramma i boka er ein konkret vårdag, der eg-personen, som altså er Knausgård sjølv, står opp, sender dei tre yngste barna av garde, og skal ta med seg den vesle dottera for å besøke kone og mor på sjukehus. Han skildrar dagen i detalj, men undervegs kvervlar ulike nye og gamle minne opp, og desse er vel så viktige. Og denne rundreisa gjer forfattaren så saumlaust og elegant at me eigentleg ikkje merkar alle forflyttingane i tid og rom.

Refleksjonane spenner frå stort til smått, frå høgt til lågt. Undervegs oppstår det faktisk ein slags dramatikk – og minnet om noko veldig dramatisk som skjedde sommaren før, dukkar også opp. Dette er ei av dei få bøkene eg har lese to gonger dei siste åra, nyleg las eg den for andre gong. Det er noko med Knausgårds særeigne form og språk og tankar om menneske, natur, liv og død som får denne boka til å minne om dei vakraste vårdagane – magisk, melankolsk, og metta av lys.

Om våren er ei lita perle av ei bok, som du les på eit par timar.

Anbefalt av forfatter Ruth Lillegraven.

Bestill boken her. Vi har også lydbok.

Translate »