Klikk for å vise på kart
Når:
24. september 2018@19:00-20:30
2018-09-24T19:00:00+02:00
2018-09-24T20:30:00+02:00
Hvor:
Bærum bibliotek, Bekkestua
Gamle Ringeriksvei 44
1357 Bekkestua
Norge

Bli med på språk-kviss og høyr stemmer frå heile Norden om å forstå og bli forstått i Norden.

Norden har mange og ulike språk. Tre av dei største språka – dansk, norsk og svensk – er mellomforståelege. Eller er dei det lenger? Og i så fall kor lenge vil det vara? Er den nordiske språkfellesskapen ein realitet, og korleis opplever vi grannespråka våre i dag? Vil skandinavar også i framtida kunna bruke morsmåla sine i kommunikasjonen med grannelanda, eller må vi bruke engelsk? Finnar, færøyingar, grønlendarar og islendingar har jo alltid måtta ty til eit framandspråk, men før var det eit skandinavisk språk dei brukte; no er det mest engelsk.

Dette er nokre av dei spørsmåla som blir tatt opp når ei rekke profesjonelle nordistar møtest på Bærum bibliotek Bekkestua 24. september.

Vi markerer den europiske språkdagen, som har som formål å fremje det språklege og kulturelle mangfaldet i Europa.  Dagen er eigentleg 26. september, så vi er to dagar på forskott med markeringa vår.

Program

Forstår vi kvarandre i Norden?  Per Ivar Vaagland (NO), Bærum Mållag

Myter, realitetar og framvegar. Kva kjempar vi med?

Innlegg og paneldiskusjon om språkforståing på kryss og tvers i Norden frå ei rad profesjonelle aktørar på feltet . Spørsmål frå salen.

  • Generalsekretær Aja Bugge (DK), Fondet for dansk-norsk samarbeid, Lysebu og Schæffergården (m.a. ansvarleg for grannespråkskurs for norske, danske, svenske, islandske og finlandske studentar)
  • Programsjef Anna Floren (S), Voksenåsen (m.a. ansvarleg for kurs i norsk for svenske, finlandske og færøyske studentar)
  • Rådgjevar Heidi Lønne Grønseth (NO), Foreningen Norden (ansvarsområde skole og språk)
  • Ambassadør Hermann Ingólfsson (IS), Islands ambassade (ikkje endeleg stadfesta)
  • Direktør Åsa Juslin (SF), Finsk-norsk kulturinstitutt
  • Førsteamanuensis Gitte Mose (DK), Universitetet i Oslo (ansvarleg for dansk språk og litteratur, ikkje endeleg stadfesta)

Språkforståing i praksis: Nordisk språkkviss!

Møteleiar: Idun Stokka, Bærum Mållag
Entre kr 50 inkl. kaffe og kaker

Arrangert av Bærum Mållag, Bærum bibliotek og Foreningen Norden.

Translate »