Når:
1. desember 2021@19:00-21:00
2021-12-01T19:00:00+01:00
2021-12-01T21:00:00+01:00
Hvor:
Bærum bibliotek Bekkestua
Gamle Ringeriksvei 44
1357 Bekkestua

I år er det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart føddMed berre nokre få års skulegang skreiv han ei lang rekke bøker som fekk enorm utbreiing, samstundes som han reiste rundt i landet, tala til folk og dreiv næringsverksemd. Frå 1797 vart han arrestert gong på gong, men slapp laus, inntil han vart fengsla i 1804. Ikkje før i 1814 vart han domfelt, og ti år seinare døydde han.

I jubileumsåret har mange stilt spørsmål om kva slags rørsle det var denne mannen sette i gong dei siste åra av 1700-talet. Var det ei religiøs vekking? Var det eit opprør og i så fall mot kven? Kvifor var det så viktig for styresmaktene å stogge han? Og kven forma ettermælet hans?

«Han braut med viktige prinsipp i den tida han levde i og starta ei anti-autoritær rørsle i eit totalitært samfunn. Men mykje av det kontroversielle ved han vart seinare underslått.» Dette seier Trygve Riiser Gundersen, litteraturvitar og redaktør, som kjem med ei ny bok om Hauge i november.

Arrangeres i samarbeid med Bærum Mållag. Inngang kr. 50.

Translate »