Dragsug av Magnhild Bruheim (2002)

«På treningstur i skogen finn journalisten Tone Tarud eit kvinnelik. Kvinna er drepen. Tarud har møtt henne eit par veker tidlegare – på dansetreff for einslege – og ho får ei stadig sterkare kjensle av at nokon er ute etter henne sjølv også. Som einsleg har ho søkt etter partnar på Internett. Tarud arbeider med eit radioprogram med pårørande til menneske som er dømde for mord. Er det ein av mordarane som mislikar det ho arbeider med?» (forlagets omtale).

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Vi kan godt kysse av Mari Grydeland og Jan Zahl (2004)

Les historien om da Frank møtte Erle og Erle møtte Frank i et kollektiv i Oslo våren 2003. Han er så patetisk som bare en nylig dumpa vestlending kan være, hun er sprudlende og energisk, jobber i reklamebyrå og har en hang til barbesøk.

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Som ein engel av Atle Hansen (2005)

«To unge gutar finn ei ung jente som ligg og flyt i sjøen. Dei kjenner henne att som Brit Eikeland, den vakraste jenta i bygda. Ho som alle gutar og menn fantaserer om, men som ingen torer nærma seg» (forlagets omtale).

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Definitivt Hjerter Ess  av Atle Hansen (2009)

«Det er spel i Seljord, og telemarksbygda lokkar med både sjøorm, trekkspel og brennevin. Samstundes er lastebilsjåføren Dave Olsen på vegen med bilen full av antikviteter, mens venninnene Laura og Birgitte er på haiketur. Det er sommar, det er sol – og det ligg drama i lufta» (forlagets omtale).

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Mordet på Halland av Pia Juul (2010)

«Ein tidleg morgon blir Bess vekt av eit skot. Mannen hennar, Halland, ligg død på torget utanfor. Ubehagelege overraskingar ventar når ho skal gå gjennom sakene etter mannen. Det dukkar opp personar som har halde seg vekke lenge, og ukjende kvinner som på si side meiner dei kjende Halland svært godt. Så forsvinn ein nabo på mystisk vis. Har det også noko med Halland å gjere? Eller med Bess? Situasjonen er forvirrande, stemninga mørk. Men dei uventa og absurde situasjonane som oppstår i kjølvatnet av Hallands død, gjer dette til ei intellingent og morosam bok» (forlagets omtale).

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Nød av Are Kalvø (2004)

«Då eg var femten, stal eg pengar frå svoltne ungar i Etiopia.» Slik begynner Nød, ein underhaldande roman om alvorlige tema, om urettferd, om Bob Geldof og Live Aid» (forlagets omtale).

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Skywayman av Arne Mo (1996)

«Fugler i bur syng om friheit, frie fuglar flyr». Ovanståande ord går rett inn i tematikken i denne luftige kjærleiksromanen frå hangglidarmiljøet ved rikssenteret på Vågå. For hovudpersonane i denne romanen er ikkje berre luft, men ei høgst levande organisme, som kan løfte dei opp og ut av det rotete og stadig meir kompliserte livet på landjorda» (forlagets omtale).

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Alle mine kjære av Alice Sebold (2004)

«Susie Salmon er ei vanleg tenåringsjente i ein vanleg forstad i 70-åras USA til ho ein dag går snarvegen heim over maisåkeren og ein nabo overtaler ho til å bli med og sjå på ei hole han har laga og Susie blir voldtatt og drepen» (forlagets omtale).

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Manhattan Skyline av Nils Henrik Smith (2007)

«Aksel Eriksen blir involvert i noko han berre kallar Planen. Er det eit terrornettverk, eller eksisterer det andre planar for å undergrave den vestlege sivilisasjon?» (forlagets omtale).

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

Translate »