Boktips på nynorsk fra 10. trinn på Ramstad skole

 

Fuck off I love you av Lars Mæhle

Mynten avgjer valet
Sider: 159
Forlag: Samlaget
Sjanger: Spenningsroman

Vemund er ein heilt vanleg 16-åring. Sjølv om han er forelska og har vennar, hamnar han fort inn i eit dårleg miljø. Vemund kjenner seg veik og usikker på vennegjengen. Han er ikkje typen som snakkar for seg sjølv og tør ikkje å ta eigne val.

Two-Face, leiaren i gruppa, har nett kome ut frå fengsel og er ein veldig slem gut. Alle viktige val i gruppa avgjer han med myntkast. På den eine sida av mynten står det ”Fuck off”, og den utvalde må utføre ei dårleg handling, som oftast ei kriminell handling. På den andre sida av mynten står det ”I love you”, og her kjem handlinga, som må utførast, til å bli god. Handlinga blir bestemt av Two-Face.

Historia byrjar med at Two-Face har spunne på mynten, og det blir sida «Fuck off» som vender opp. Vemund sin oppgåve er å tenna på ein knusktørr åker. Han spring ut i åkeren med lighteren i høgre hand og ein klump i magen. Vemund kjenner seg pressa av Two-Face, og er redd for kva han vil gjere om Vemund ikkje tenner på åkeren. Han veit godt at han har hamna på feil spor, men ikkje korleis han skal komme ut av det.

Eg synest heilt klart at dette er ei bra bok. Ho er fylt av spenning og humor. Lars Mæhle har vore flink til å skildre Vemund, og eg synest han skriv godt, med eit flytande og veldig lett språk. Eg synest også at Mæhle skildrar situasjonen til Vemund på ein god måte, det er lett for lesaren å ane at noko tragisk kjem til å hende. Likevel var det ikkje alltid like lett å hengje med på kva Mæhle ville få fram, og eg gir derfor boka terningkast 5. Boka passar for ungdom frå 13-15 år.

Anbefalt av gutt, Ramstad skole, 10. klasse.

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Saiko av Linn T. Sunne

Sommaren der alt forandra seg

Ungdomsromanen ”Saiko” er skriven av Linn T. Sunne. Romanen er på 111 sider og blei gitt ut av Det Norske Samlaget i 2011. Det er ein roman fylt med kjærleik og spenning tilpassa ungdomar mellom 12 og 16 år.

Ella er hovudpersonen i boka, og heile boka er skriven frå hennar synsvinkel. Ho er ei 15 år gammal jente som er veldig velseda. Ho pleier alltid å gjere det som er riktig, heilt til ho blir forelska i Simon. Mora og faren hennar er skilt og ho bur hos faren sin. Derfor ser ho ikkje mora så ofte, men tanta hennar bur i huset ved sidan av og er som ei mor for henne. Bestevenninnene til Ella heiter Olivia og Noor. Dei heng ofte med nokon eitt år eldre gutar, inkludert Simon, som er Ella sin store forelsking. Problemet er at Simon startar på vidaregåande etter sommarferien og kjem derfor ikkje til å gå på same skule som Ella. Derfor hastar det å bli saman Simon før han startar på ein annan skule.

Steinar er ein veldig mystisk gut. Han er i 20-åra, singel og alltid aleine. Bilen hans er den mest verdifulle gjenstanden han eig, og viss nokon søler så mykje som ein liten flekk inni han , endar det ikkje bra. Simon køyrer rundt i bilen sin heile tida, og det verkar ikkje som han gjer noko anna. Han køyrer ofte Ella, Olivia og Noor forskjellige stader. Han har ei mørk fortid, og ingen vener. Alle kallar han Saiko på grunn av noko som skjedde i fortida.

I korte trekk handlar boka om den 15 år gamle Ella og korleis livet hennar forandra seg i løpet av berre ein sommarferie. Ella og venninnene hennar, Olivia og Noor, heng ofte på leikeplassen saman med nokon gutar. Ein av kveldane endar Ella og Simon opp utanfor leikestua der dei andre vennene deira sit. Alt er så fint , og Simon kyssar henne nesten, men alt det fine tek slutt helga etter for da er det fest. Ella blir full, altfor full og vaknar opp aleine utan å forstå kor ho er. Ho ligg bak ein stein ved sjøen der festen har forgått. Olivia og Noor tar ikkje telefonen, og ho vil ikkje ein gong tenkje på å ringe faren hennar eller Simon, for ho kan ikkje la dei sjå henne så full. Derfor ringjer ho Steinar, guten som alle kallar Saiko. Han er alltid aleine, køyrer runde på runde med bilen sin. Ella vel å ringje han fordi ho og vennene hennar har blitt køyrt heim av han før. Dei blei også køyrt til festen av han. Neste morgon vaknar Ella hos Steinar, og han køyrer henne heim etter frukost. Om kvelden lurar Steinar på om dei kan møtast. Han hentar henne, og i bilen spør han om Ella kan gjere han ein tenest, men ho vil ikkje. Da viser Steinar eit bilete han har teke av Ella frå festen, som ho ikkje vil at nokon skal sjå. Dette utnyttar Steinar og han får Ella til å gjere ein ting som kan forandre alt. Viss ho gjer dette kan ho nemleg ikkje vere kjærasten til Simon, noko ho har veldig lyst til, men sjølvsagt vil ho ikkje at nokon skal få sjå biletet heller.

Eg synast boka var både spennande og mystisk. Det var ei alvorleg bok om det å bli tvinga til å gjere noko på grunn av eit feiltrinn ein har gjort i fylla. Ho viser veldig godt kva konsekvensane av å bli full og miste kontrollen over seg sjølv kan vere. Boka er lettlesen med korte kapittel og eit flytande språk. Sjølv om ho ikkje var så lang, var det mykje som skjedde. Det eg saknar i boka var skildringa av personar, og eg blei ikkje så engasjert at eg ikkje klarte å leggje ho frå meg. Eg syntes også at slutten var ganske overraskande og brå. Eg vil anbefala boka ”Saiko” til personer som likar korte, lettelest og spennande bøker som kan vere relevante for sitt eige liv. Personleg synest eg boka passar best for jenter, sidan det er frå ei jente sin synsvinkel, og eg trur det er flest jenter som vil like boka, men gutar kan sjølvsagt også lese ho.

Anbefalt av jente, Ramstad skole, 10. klasse.

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland

Eit gjenferd i spegelen

Boka ”Svarte-Mathilda” handlar om Elisabeth som har flytta saman med mora si inn i ei leilegheit etter at heimen dei budde i vart utsett for ein brann, ein brann som tok livet av broren til Elisabeth. Allereie første gongen ho kjem inn i leilegheita, merkar ho at det er noko underleg som går føre seg. Det er kaldt og ho føler seg ikkje velkommen. På badet heng det ein gammal spegel, og vi forstår etter kvart at dette har noko med dei merkelege hendingane å gjere. Elisabeth blir meir sikker på at det føregår noko mystisk når ho blir innestengt på badet, i tillegg til at ho ser skuggar og fornemmer røyster. Ho får etter kvart høyre at det for nokre år tilbake var ei jente som vart drepen i leilegheita, og at mordet aldri vart oppklara. I tillegg får ho høyre historia om Svarte-Mathilda, som er ei vond ånd ein kan påkalle ved å nemne namnet hennar ei bestemt mengd gonger framfor den gamle spegelen. Saman med klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo, prøver ho å finne informasjon om det som skjer i leilegheita.

Ein får òg høyre om ein familie som levde på 1800- talet, der jenta på garden heitte Mathilda. Etter ei stund får vi vita at det har går føre seg forferdelege ting på garden, som er rota til alt det skremmande som skjer i nåtida. Elisabeth finn ut at ho må grave i fortida for å finne ut kva som skjedde, både med Mathilda og med Marie, som vart drepen i leilegheita 20 år tidlegare. Arbeidet med å løyse gåta er ikkje enkelt, Elisabeth blir skada og tilstanden er kritisk, samstundes forsvinn Philip. For å finne svaret må Elisabeth utfordre seg sjølv, setje frykta til side og overvinne dei vonde kreftene frå fortida.

Boka handlar om å oppklara uforklarlege hendingar, og dessutan å freiste å finne ut kvifor det vart drepe ei jente i leilegheita Elisabeth flyttar til, og kven som gjorde det. I tillegg meiner eg det handlar om å kome tilbake til kvardagen igjen etter ein brann der ein har mista nokon som står ein veldig nær.

Eg synest det er ei godt fortald historie, der spenninga blir halde oppe gjennom heile boka. Dette trur eg kan vere med på å få barn og unge som ikkje er så glad i å lese, interessert i denne romanen. Ein får høyre om drap og blodige detaljar, noko som kan vere med på å gjere dei som synest ein del ungdomsbøker er for barnslege til å like denne. Svarte- Mathilda er ei bok som får det til å gå kaldt nedover ryggen på lesaren, og ein treng ikkje å sitja og vente på at det skal skje noko spennande, spenningsmomenta kjem hyppig og dei får deg til å lese vidare.

Karakter: 5/6

Anbefalt av jente, Ramstad skole, 10. klasse.

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Ny melding av Magnild Bruheim

Dei største mareritta til foreldre

Dei største mareritta til foreldre blir til røyndom i boka «NY MELDING». Den populære tenåringsjenta, Kami, forsvinn på mirakuløst vis på veg heim frå bussen. Bestevenninna, Bente, er den siste som har snakka med henne på telefonen før Kami blir avbroten av ei ukjend stemme. Kven er denne mannen og kva skjedde med Kami? Dette er eit spørsmål Bente ikkje klarer å få ut av hovudet. Politiet og fleire journalistar vil snakke med Bente, noko som får henne til å stille endå fleire spørsmål. Kan Kami ha rømt? Tanken gjer henne endå meir forvirra idet ein melding tikkar inn på mobilen. Ei melding frå Kami! Kami og Bente får kontakt på eitt vilkår: Kontakten blir halde hemmeleg. Det eine fører til det andre, som resulterer i at Bente og venninna Martine dreg på Oslotur, der også Kami befinn seg. Kven er denne mannen dei møter på t-banen, og korleis veit han om Kami? Og er det eit bra eller dårleg val å ferdast aleine med denne mannen på leiting etter venninna?

Eg blei dregen inn i boka frå fyrste setning. Boka verkar som ei spenningskurve som aldri sluttar å stige. Dette gjer den nesten umogleg å leggje frå seg. Forfattaren skriv frå ein tenåring sitt synspunkt på ein utruleg bra måte. Hovudpersonen Bente held på ein vennskapslovnad med Kami som tyder at ho held utruleg viktig informasjon hemmeleg frå politiet. Dette er ei tenåringshaldning som verker dum og naiv, men kanskje det er akkurat det som skal til? Eg anbefaler deg verkeleg å finne ut av dette ved å lese boka sjølv.

Boka er har eit enkelt og flytande språk som gjer boka lett å lese. Forfattaren skildrar farlege og gode situasjonar godt, som er ein nyting for både tankane og bileta du får i hovudet. Eg synest boka passar for alle aldrar. I boka les ein om korleis ulike menneske i forskjellige aldrar taklar situasjonen. Dette gjer leseropplevinga interessant for både gutar og jenter i alle aldrar. Dette er den fyrste ungdomsboka gjeve ut av Magnild Bruheim, eg synest ho fekk det bra til.

Anbefalt av jente, Ramstad skole, 10. klasse.

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Det som er sant av Magnhild Bruheim

Venner i tjukt og tynt, eller?

Boka har 138 sider og tema i boka er kjærleik og kjønnsroller, løgn og sanning og ansvar og oppbrot. Boka blei gitt ut i 2013 og er Magnhild Bruheim si nyaste bok.

Boka handlar om Linn som er på ein fest saman med besteveninna hennar, Solveig. Festen er heime hos Hanna, som Linn har vore vener med før. No liker ho ikkje Hanna lenger, sidan Hanna øydela venskapen hennar med Julie. Ein annan som er på festen er Sander. Sander er gitarlæraren til Linn og Solveig, og Linn har vore forelska i han ganske lenge. Medan ho er på festen, ser Linn Hanna og Sander forsvinne inn på soverommet til Hanna. Seinare kjem Hanna tilbake på festen utan sko og med eit fortvilt ansiktsuttrykk. Solveig går bort for å snakke med henne, og når Linn kjem etter ei stund for å høyre kva som har skjedd, fortel Hanna at Sander valdtok henne. Solveig er veldig støttande for Hanna, men Linn er usikker på om Hanna fortel sanninga. Ho vel å verken tru på Hanna eller Sander før noko er bevist, men Solveig er 100% på Hanna si side og meiner at sidan Linn ikkje er på Hanna si side, er ho automatisk på Sander si side. Solveig aksepterer ikkje at Linn er mot Hanna, og dei blir uvenar. Linn blir veldig lei seg fordi dette er andre gong Hanna har øydelagt et venskap for henne. Linn begynner også å tru at Hanna kanskje laug om valdtekta, sidan Hanna vanlegvis ikkje har noko imot å vere saman med gutar og sidan Sander er veldig fortvilt og nektar for å ha gjort det.

Dei viktigaste karakterane i boka er Linn, Solveig, Hanna og Sander.

Linn er hovudpersonen i boka. Ho er ei ganske stille jente og er redd for å bli utestengt. Derfor prøver ho så godt ho kan å gjere alle blide og spesielt Solveig. Ho forgudar Solveig, og meiner det same som Solveig om nesten alt. Venskapen hennar med Solveig betyr alt for henne fordi ho har erfart å vere venelaus og utestengt, og det er noko ho gjer kva som helst for å unngå å oppleve igjen.

Solveig er besteveninna til Linn. Solveig prøver alltid å gjere det som er best for andre, men ho får det ikkje alltid til. Medan ho prøver å gjere andre godt, kan ho gløyme korfor ho gjer det, og heller fokusere på det ho ville ønskt i ein bestemt situasjon og gjere det i staden for det den ho hjelper ville ønskt.

Hanna er ein stereotypi av ei populær jente. Ho er vand til å få det ho vil ha og gjer kva som helst for å få det. Ho latar som om ho har eit perfekt liv, men det kan verke som om ho er ganske usikker på seg sjølv.

Sander er eldre enn Linn og Solveig, og Linn ser veldig opp til han. Han er veldig snill og er meir fortvilt enn sint for Hanna si skulding.

Personleg synest eg at historia i boka var ganske bra. Linn var i ein situasjon som mange kan kjenne seg igjen i, sidan det handlar om vennskap og kven si side ein vel å vere på, men som få har opplevd. Det verkar som om Magnhild Bruheim forstår ungdommar godt og er flink til å beskrive korleis dei har det. Sjølv om boka var godt skriven og hadde eit godt utgangspunkt, blei ho til tider litt kjedeleg. Det var ikkje så mykje som skjedde anna enn at Linn bestemte og ombestemte seg for kven ho skulle tru på.

Eg synest denne boka passar for jenter frå 12 til 15 år.

Anbefalt av jente, Ramstad skole, 10. klasse.

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl

Gåva ingen vil arve

Forfattar: Lene Kaaberbøl. Danmark
Sidetal: 213 sider
Sjanger: Fortelljande episk diktning, skjønnlitteratur, fantasy roman.
Omsett til nynorsk i 2003, av Øystein Rosse.
Forlag: Samlaget

Hovudpersonen i boka er Dina, som er ti år gamal. Det einaste Dina har arva er augo til mor si, fordi ho har verken arva høgda eller det vakre ved mor si. Dina er lav, lita og har hår som ein hest. Ho har ingen vener fordi ingen tør å sjå ho inn i augene. Dei vil ikkje sjå det dei skammar seg for.

Ho har nemlig arva ei gåve frå mor si, nemleg skammaraugo. Alle som ser Dina i augo må sjå alt dei skammar seg over. Dei ser alt dei ikkje vil innsjå sjølv og det dei vil holde gøymt. Det er berre familien til Dina, bror hennar, Davin, og søster hennar, Melli , som kan sjå ho i augo utan å skamma seg. Mor til Dina er skammaren sjølv, og derfor blir ho tilkalla når nokon skal tilstå eller skal forhøyrast. Ein kveld, da mor til Dina skal ut på eit oppdrag til nabobyen Dunark for å forhøyra ein mordar, blir mora til Dina lenge borte. Dunark ligg langt borte. Medan mora er borte, kjem det ein mann og hentar Dina. Ho vert tilkalla sidan ho har same gåve som mor si. Etter å ha ridd lenge, kjem dei til Dunark. Dei finn borga der mora er, men det viser seg at mora ikkje har bede om hjelp og har ikkje tilkalla dottera. Kvifor er Dina kome så langt for å ikkje eingong vere til hjelp for mora?

Det er også her i Dunark vi blir kjende med Nicodemus. Han blir den einaste venen Dina nokon gong har hatt. Han reddar Dina fleire gonger frå farar og truslar. Han er også ein stor grunn for at Dina i det heile tatt kjem ut for farar. Nicodemus, også kjend som Nico, er ein av dei einaste som tør å møte augo til Dina. Han gjer det sjølv om det gjer vondt og det er ubehageleg.

Eg tykkjer boka er veldig god. Ho var ganske hard å komme i gang med, men når eg hadde lest eit par kapitla og eg hadde kome inn i ho, var ho vanskeleg å leggje frå seg, ho fangar meg med alle sine beskrivingar og tankar.

Eg meiner boka passar godt for ungdommar frå 13 til 16 år. Eg trur ikkje at barn eller ungdom som er yngre enn 13 år vil like boka, dette fordi den er vanskeleg å kome inn i og litt tung i starten. Ho har også nokon merkelege namn. Eg trur at lesaren skal vere litt glad i sjangeren «fantasy» for å like denne boka.

Anbefalt av jente, Ramstad skole, 10. klasse.

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

 

Kunsten å inhalera av Ingelin Røssland

– ein stemningsskapande kjærleiksroman

Denne boka heiter ”Kunsten å inhalera”. Ho er på 141 sider og er ein ungdomsroman. Boka er skrive av Ingelin Røssland.

Anette fyller snart 16 år. Ho bur i den mest avsidesliggande bygda på øya, dit kor skulebussen er den einaste bussen som kjem. På nyttårsaftan bestemmer ho og bestevenninna Christin seg for at dei skal begynne å drikke og røykje. Ho har også planer om å kysse Bobby, som er både høg og mørk og har langt hår i ein hestehale. Det einaste problemet ho har er at Bobby er nesten 18 år, og verkar ikkje til å vere like forelska i henne, som ho er i han. Anette begynner på symjelaget, trass i at ho ofte ikkje vil vere med på symjinga i gymnastikken. Ting begynner etter kvart å gå bra med Bobby, men Bobby viser seg å ikkje vere den Anette trudde han var.

Anette er hovudpersonen i boka. Ho er ei vanleg jente, men prøver å bli tøffare. Ho begynner å røykje og drikke i eit forsøk på å få Bobby til å like ho. Heime prøver ho å gjere opprør, men foreldra hennar blir aldri sure for noko, og det skulle ho gjerne ønske at dei blei. Anette er sjølvsikker, tøff og til tider ganske spydig. Ho ønskjer ikkje å vere den perfekte jenta som gjer alle leksene sine og aldri gjer noko gale. Sjølv om ho lykkast med dette, så går ho kan hende eit skritt for langt i å vere rebelsk og ender til tider opp med å skade seg sjølv og andre rundt ho.

Christin er bestevenninna til Anette. Dei held saman i tjukt og tynt, og passar på kvarandre. Christin er litt meir forsiktig enn Anette, og har ikkje same behovet som Anette for å vere rebelsk og opprørsk. Ho er ei ærlig jente, og fortel til Anette når ho kryssar streken.

Bobby er Anette si store forelsking. Han er høg, mørk og har den raskaste mopeden i heile bygda. Han er den tøffe i bygda, men er ein snill gut som følgjer reglane. Han er vaksen og ansvarleg, og synest Anette til tider oppfører seg barnsleg og uansvarleg.

Eg synest dette ei god bok. Ho er veldig truverdig og veldig ekte. Eg likte denne boka, fordi ein forstår situasjonane godt og ein lever seg inn i historia. Boka inneheld kjærleik, vennskap, familieproblem, skulepress, tillit og løgner. Ein forstår korleis Anette har det og tenkjer, men også korleis stemninga er på dei stadene ho er. Det er veldig lett å leve seg inn i boka, ein får medkjensle for Anette og dei rundt ho.

Dette er ei bok som passar for dei fleste jenter mellom 12-16 år. Boka og språket er svært godt skrive og lett å lese. Historia er spennande, men samtidig romantisk og truverdig. Eg vil anbefale boka til alle som liker ei spennande og romantisk bok med ein liten vri.

Anbefalt av jente, Ramstad skole, 10. klasse.

BESTILL BOKEN FRA BÆRUM BIBLIOTEK

Translate »