Klikk for å vise på kart
Når:
22. november 2017@19:00-21:00
2017-11-22T19:00:00+01:00
2017-11-22T21:00:00+01:00
Hvor:
Bærum bibliotek Bekkestua
Gamle Ringeriksvei 44
1357 Bekkestua
Norge

Walid al-Kubaisi har heilt sidan han kom som flyktning frå Irak på 1980-talet vore ei viktig stemme i debatten om Noreg, norsk identitet og norsk innvandringspolitikk.

Onsdag 22. november klokka 19.00 arrangerer Bekkestua bibliotek i samarbeid med Bærum Mållag møte om kva det vil seia å vera norsk i vår tid. Til møtet har vi invitert Walid al-Kubaisi og Gudleiv Bø. Walid al-Kubaisi er ei kjent stemme i debatten om Noreg, norsk identitet og innvandring gjennom dei siste 25 år. Gudleiv Bø er professor em. i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo. Spørsmålet dei vil forsøke å gje eit svar på, er kva det vil seia å vera norsk i ei tid med internasjonalisering, globalisering og store folkevandringar. Dette er ein av dei viktigaste, og samtidig mest motsetnadsfylte debattane i Noreg i dag.

Kom på Bekkestua bibliotek onsdag 22. november og bli med på debatten.

Inngang: 50 kroner. Kaker, kaffi og utlodding av bøker.

Translate »