Klikk for å vise på kart
Når:
27. april 2017@19:00-21:00
2017-04-27T19:00:00+02:00
2017-04-27T21:00:00+02:00
Hvor:
Bærum bibliotek Bekkestua
Gamle Ringeriksvei 44
1357 Bekkestua
Norge
Pris:
kr. 50
Jørgen Norheim kommer til Bekkestua bibliotek

Jørgen Norheim kommer til Bekkestua bibliotek

Bekkestua bibliotek arrangerer i samarbeid med Bærum Mållag eit møte om Jørgen Norheims bok: Aldri redd for mørkets makt. Boka, som kom ut hausten 2016, er eit brennande oppgjer med totalitær tenking i Noreg generelt, og med stalinismen spesielt. Me fylgjer fire generasjonar i ein norsk familie som kom i nærkontakt stalinismen og maoismen. Forfattaren vil lese frå delar av boka, og me inviterer også sentrale deltakarar i debatten om totalitarisme i Noreg.

«Både i innhald, sjølve historia, og konstruksjonsmessig, ned til verbale detaljar, er Jørgen Norheim på litterær linje og lag med Kjartan Fløgstad. Og dermed nesten fullrost. (…) Innhaldsrikare og formsikrare norsk roman er ikkje lett å finna.»
Jan Askelund,  Stavanger Aftenblad.
På dette møtet blir det også kåring av bærumsordet 2017.
Inngang: 50 kroner, inkl kaffi og kaker.
Translate »